Peter Helland-Hansen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Peter Helland-Hansen (fødd 1966 i Bergen) er båtbyggjar. Han starta båtbyggjarutdanninga med eit år på båtbyggjarlinja i Jondal i 1989/90 der var lærarar Sigurd Vik og Arnt Hammer lærar. Etterpå gjekk han i lære på Bjørkedalen på Sunnmøre hjå Sigurd og Jakob Bjørkedal og vidare med Bjørn Lillevoll ved Gratangen Båtsamling i Troms. Helland-Hansen har frå 1994 vore leiar for småbåtverkstaden ved Hardanger fartøyvernsenter. Han har bygd over hundre klinkbygde småbåtar og stått for restitueringa av like mange. Samt arbeidd med innsamling og dokumentasjon av lokal båtbyggjartradisjon.
Kjelde
- Helland-Hansen, Peter: Strandebarmaren, 2014.
|