Pinnekjøt

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Pinnekjøt med flatbrød og kålrabistappe, servert med eplesider attåt.
Foto: Olve Utne (2007)

Pinnekjøt er lettsalta, tørka og gjerne lettrøykt ribbe frå sau. Kjøtet vert tradisjonelt dampkokt på ei rist av bjørkepinnar utan bark. Pinnekjøt er vanleg julemat for mange, og serverast då med kokte potetar og/eller flatbrød og kålrabistappe. Retten kjem frå Vestlandet, men har spredd seg over heile landet.

Dei fleste trur nok at namnet kjem fra pinnane ein koker kjøtet på, men truleg kjem det frå norrønt pinnikjot, som tyder «ribbeinskjøt».

Kjelder