Porsgrunds Skibsbygningsselskab
Hopp til navigering
Hopp til søk
Porsgrunds Skibsbygningsselskab blei starta i 1860-åra av Louis Vauvert. Selskapet blei opprinneleg starta under namnet "Forsøket". Då selskapet viste seg å vere gunstig blei det utvida under namnet "Moldhaugens Skibsbygningsselskab", også kalla Porsgrunds Skibsbygningsselskab. Verkstaden låg på Moldhaugen i Porsgrunn.
Vauvert blei sjølv disponent i selskapet, medan Lars Grothnæs var byggmeister. Innan 1882 hadde selskapet bygd ti skuter - dei fleste for sal. Etter dette dreiv selskapet hovudsakleg med reparasjonar fram til det gjenoppstod som skipsbyggingsselskap under 1. verdskrigen.
Arkiv
Delar av arkivet etter Porsgrunds Skibsbygningsselskab er ordna ved Telemark Museum. Sjå oppføring på arkivportalen.
Kjelder
- Tønnessen, Joh. N., Porsgrunns historie. 2 : Fra trelast og skipsfart til industri 1807-1920, Porsgrunn : Porsgrunn kommune : I kommisjon hos H. Joh. Dyring, 1957. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.