Rønjomsgrendi (veg i Seljord)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Parti frå vegen Rønjomsgrendi med garden Grønstein (gnr. 122/5).
Foto: Roy Olsen (2021).
Rønjomsgrendi er ein veg i Rønjomsgrendi i Åmotsdal i Seljord kommune som går sørover frå Åmotsdalsvegen til garden Rønjom søndre (Sud-Rønjom), gnr. 122/2. Fram hit er vegen 1,4 kilometer lang, og han går i jordbrukslandskap med innslag av skog. Vegen har og forgreiningar til gardane Grønstein (gnr. 122/5), Vihus (gnr. 122/3), Haugen (gnr. 122/4) og Rønjom nordre (gnr. 72/1).
Vegen har namn etter grenda og vart namnsett i 2005.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
Koordinater: 59.62610° N 8.41001° Ø
- Norske gardsbruk, Telemark III, Foyn forlag 2002.