Røyrhellevegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Røyrhellevegen var namnet på ei 7,5 kilometer lang strekning av fylkesveg 3320 i Kilen i Kviteseid kommune som gjekk sørover som framhald av Kilenvegen i krysset med Østenåvegen til kommunegrensa mot Nome.
Namnet var etter ein gamal busetningsplass, Røyrhelle, på eigedomen til Kilen søndre (gnr. 18/1).
Den 8. februar 2018 gjorde Kviteseid formannskap følgjande vedtak:
- Formannskapet vedtek at vegnamnet Røyrhellevegen går ut som vegadressenamn i kommunen. Vegnamnet blir endra til Kilenvegen. Adresseobjekt langs vegstrekninga får endra adresse i samsvar med denne namneendringa. Vedtaket er gjort i medhald av matrikkellova §21.
Kilder
- Kartverket, norgeskart.no
- Statens vegvesen: vegkart
- Telemarksavisa, 9. februar 2018: Referat frå møte i Kviteseid formannskap