Rabbinar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Rabbinar eller rabbin (gjennom gresk frå hebraisk רִבִּי), òg skrive rabbi, rebbi og ribbi, er ein tittel som blir bruka om jødiske lærde. Det varierer noko mellom ulike retningar av jødedommen kva som ligg i den tittelen — frå hebraisklærar («ribbí» eller «rebbí») blant portugisarjødar via religionslærar og dommar i typisk asjkenazisk ortodoks jødedom til forrettar i synagogen og sjelesørgar i liberale retningar utav amerikansk jødedom.

Om ordet

Sjølve ordet kjem frå misjnaisk hebraisk רִבִּי med uttalen [ribbī] eller [rebbī]. Ordet vart lånt inn i gresk i forma ραββι og vart spreidd med kristne biblar i forma rabbi. I nyare tid har særlig asjkenazisk jødedom omvokalisert det hebraiske ordet til רַבִּי [rabbī].

Rabbinarar i Skandinavia

Namn Fødselsår Fødselsstad Dødsår Dødsstad Retning Menigheit
Mayer Aschkanaze 1850 Stanislau, Ukraina 1908 Kristiania asjkenazisk-ortodoks Den israelitiske menighed (1889–1899)
Adath Jeschurun (1901–1906)
Den israelitiske menighed (1906–1908)
Michael Melchior 1954 København asjkenazisk-ortodoks Det mosaiske trossamfund i Oslo (ca. 1980– )
Lynn Feinberg 1955 jødisk fornying Havurat Kol haLev
Shaul Wilhelm 1970 England ḥasidisk, ortodoks Lubavitch of Norway (20040– )
Joav Melchior 1978 asjkenazisk-ortodoks Det mosaiske trossamfund i Oslo (2006– )
[[]]
[[]]
[[]]
[[]]
[[]]
[[]]
[[]]
[[]]