Rage bru

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Rage bru i Gjesdal kommune vart bygd i 1900 og er eit fint døme på ei steinhvelvbru frå denne perioden.
Foto: Knut Rage (2013).

Rage bru er ei steinhvelvbru i Gjesdal kommune i Rogaland, over elva som løper ut frå Ragsvatnet, ved riksveg 45 ca. 2 km aust for Oltedal sentrum. Brua vart bygd i 1900 og har ei lengde på 26 meter, med 2.5 meter køyrebanebreidde. Brua vart avvikla for ordinær trafikk på 1930-talet, og i 1937 var det nye vegløpet forbi brua ferdig.

Støypt i betong

Det ligg føre ei utførleg skildring og dokumentasjon av byggearbeidet på Rage bru. Brua vart fundamentert på hard grusbotn etter at lausmasser og stein var fjerna. "På nordre side blev der til utgravningen af fundamentet anvendt en almindelig stor mudderskuffe med et simpelt spill bestaaende af en enkel trommel. Paa søndre side blev opsat en kran for at løfte op de temmelig store stene, som laa i røisen. Brugen af mudderskuffen krævede 8 mand," skriv amtsingeniør Bassøe 27.12. 1900. [1]

Fundamenta er støypt i betong. Arbeidsfolka hadde lita røynsle med sementarbeid, og særleg støyping under vatn, slik det går fram av Bassøe sin rapport frå den første famlande freistnaden: "Man forsøgte først at lave til betongen paa land under solseil og kjørte den paa skinnegang til fundamentet. Kassen (som betongen blev transportert i) blev sat paa trallen og straks betongen var færdig, blev den kastet op i kassen, som derpaa blev skjøvet lige ud til taljen og firet ned." [2] Den totale byggekostnaden kom på kr 5399, 63.

Ny veg

Den gamle riksvegen byrja å utspela si rolle etter kvart som biltrafikken auka. I vegbudsjettprp. 1930 som vart handsama i Stortinget vart det vist til at vegen var smal og for tarveleg utstyrt andsynes biltrafikken. Køyring med motorvognar var berre tillate til bestemte tider på døgeret. I tillegg var tryggleiken ikkje god. Særleg ved nedstigningen til Dirdal, der vegen gjekk gjennom fjellterreng, var det fare for is- og steinskred.

Utbetring av vegen i ei lengd av 5 264 m var berekna til kr 68 500. Summen vart innvilga av Stortinget i perioden 1930-1936 iberekna distriktsbidrag. Arbeidsomkostningane utgjorde kr 68 347.33. Arbeidet omfatta utviding av vegen i kurver, opparbeiding av møteplasser og attfylling av grøfter. Dermed var det ikkje lenger trong for Rage bru som gjennomfartsåre. Brua er godt teke vare på for ettertida, med sine fint tilhogde steinar og ein hvelv som er dristig utforma i form av eit sirkelsegment.

Referansar

  1. Sitert frå Svein Magne Olsen: Bruer og brubygging i Rogaland, s. 120.
  2. Sitert frå Svein Magne Olsen: Bruer og brubygging i Rogaland, s. 120.

Kjelder og litteratur

  • Det norske vegvæsens historie. Bind III. Ved Otto Nagel. Arbeidernes Aktietrykkeri. Oslo. 1950.
  • Svein Magne Olsen: Fra tråkk til motorveg. Statens vegvesen Rogaland, 1995
  • Svein Magne Olsen: Bruer og brubygging i Rogaland. Dreyer Bok Stavanger. 1988.