Ragna Rytter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ragna Rytter. Foto frå boka Godtemplarordenen i Norge 1927-1977 (1976).
Foto frå boka Norske skolefolk (1954).

Ragna Rytter (født 26. juli 1885 i Verdal, død 7. januar 1972 i Melhus) var folkehøgskulelærar, diktar og fråhaldskvinne. Ho ga ut fleire diktsamlingar, dei fleste på landsmål, og var dessutan ei av opphavskvinnene til trønderbunaden.

Liv og virke

Rytter vart fødd i Verdal, og var dotter av Berit Prestbakken frå Melhus og Johan Gunnerius Ryther (1858-1900) frå Kristiansund. Faren arbeidde som lærar i ulike bygder i Trøndelag: frå 1882 i Verdal, frå 1886 i Melhus, og frå 1893 i Stadsbygd. Rytter skriv sjølv om si eiga oppvekst at ho «arbeidde ved strikkemaskina om vintrane og på allslags utearbeid hos bøndene om somrane».[1] I slutten av tjueåra byrja ho å utdanne seg: Ho gjekk eit år på Voss folkehøgskule i 1913/1914, og i 1917 gjekk ho på Elen Ofstads handarbeidskule i Trondheim. Same året byrja ho å studere ved Levanger lærarskule, og ho tok eksamen her i 1919.[2]

Rytter var ein av dei som tok initiativ til å grunnlegge Gauldal folkehøgskule i Melhus (i dag Trøndertun) i 1919,[3] og ho verka som lærar her frå starten av og fram til 1950. Ho hadde «ymse bokfag, serleg norsk og helselære. Men det var handarbeid - vev og saum - som tok hennar timar. På dette feltet, og elles med, markerte ho seg som ein sjeldan intens lærar - rik på idear og glødande i sin idealisme.»[4] I løpet av desse åra tok ho etterutdanning ved ei lærarhøgskule i åra 1926/1927, og tok elles ymse kurs om somrane. Rytter var òg engasjert i fråhaldssaka, og var rådsmedlem i Uttrøndelag distriktslosje av IOGT i over tretti år, samt at ho redigerte meldingsbladet Solveg i den same losjen i åra 1932-1954.

Ho skreiv seks diktsamlingar i løpet av livet. Den fyrste, Fjeldets sange (1910), var skriven på dansk, men dei fem neste skreiv ho på landsmål.

I 1920-åra verka Rytter saman med to andre lærarar med å utarbeide ein kvinnebunad for Trøndelag, dei andre to var Kaspara Kyllingstad frå Torshus folkehøgskule og Ingeborg Krokstad frå Inntrøndelag husmorskule. Trønderbunaden vart ferdig i 1923, og er ein populær bunad i dag. I 1950-åra sette ho òg saman mannsbunaden frå Gauldalen.

Diktsamlingar

Andre verk

Noter

  1. ↑ Rytter 1956, side 91.
  2. ↑ Gauldal folkehøgskule 75 år, side 56.
  3. ↑ Gauldal folkehøgskule 75 år, side 31.
  4. ↑ Gauldal folkehøgskule 75 år, side 66.

Litteraturliste