Ragnhild Skoftesdotter Giske

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ragnhild Skoftesdotter Giske (fødd før 1103) var lendsmannsdotter og lendmannskone.

Ho var dotter av Skofte Ogmundsson Giske; moras namn er ikkje kjend. Skofte var gift med Gudrun Tordsdotter Giske, men Ragnhild er ikkje nemnd bland deira felles born og kan ha vore fødd utanfor ekteskap av ei frille. Vi veit ikkje når og kor ho vart fødd, men faren døydde i 1103, så ho må vere fødd før det. Det er heller ikkje kjend når og kor ho døydde. I Ágrip og Morkinskinna er det ein tått som nemner ei syster, Gyda, som kan ha felles mor med Ragnhild - ho nemnast aldri som Skoftesdotter.

Ho vart gift med lendmann Dag Eilivsson, og budde truleg på Bratsberg med han. Dag Eilivsson hadde minst seks born, men Ragnhild var ikkje mor til alle. To vi er sikre på at ho var mor til er Gregorius Dagsson og Baugeid Dagsdotter. Vatnorm Dagsson vart fødd for tidleg til at Ragnhild kan vere mora, og dei andre tre – Borghild Dagsdotter, Sigrid Dagsdotter og Gyrid Dagsdotter – er usikre.

Litteratur og kjelder