Rasmus Fjørstad
Rasmus Fjørstad (fødd 1856, død 1935) var lokalhistorikar i Stranda. Rasmus Fjørstad arbeidde særleg med gards- og ættesoge, og publiserte bøker om Stadheim-ætta og Sjersjant-slekta og artiklar i lokalavisa Sunnmøringen om Stadheim-ætta.
Hovudarbeidet til Fjørstad er gards- og ættesogene for Stranda (Stranda sokn). Rasmus Fjørstad var ein systematikar, og hans nitidige arbeid la grunnlaget for Stranda bygdebok band I (gardssoga) og III (ættesoga), men han døydde lenge før desse blei utgitt. Gardssoga blei først videreført av Kristian Langlo, Jørgen Gjerde og til slutt Gerhard Kjølås og utgitt i 1954. Arbeidet med ættesoga blei videreført av Olav O. Langlo og blei utgitt i 1964 som Stranda bygdebok band III. Rasmus Fjørstad hadde i sitt manuskript frå 1930-talet utvikla eit særskild nummersystem, der kvar person blei identifisert med gardsnummer, familienummer og personidentifikasjon (literal a-z). Dette nummersystemet blei nytta i Stranda bygdebok III og fekk positiv omtale frå bokmeldarar og lokalhistorikarar.
Bibliografi
- Fjørstad, Rasmus, Stadheim-ætti i Stranda , Hellesylt 1949
- Fjørstad, Rasmus: Sjersantslekti på Helsem, Hellesylt 1941
- Gjerding, Jørgen, Stranda kommune 1837-1937. Med bidrag frå Jørgen Gjerding, C.D.Ous, R. Langlo, Stefan Aasen og O. Fjørstad. Ålesund 1937. 105s. ill.
Kjelder
- Kjølås, Gerhard. 1954. Stranda bygdebok I, Gard og Grend, s. VII-X (Forord).
- Langlo, Olav O. 1964. Stranda bygdebok III, Ættebok for Stranda, (Forord).
- Thunem, Ståle. 1996. Stranda bygdebok III, Ættebok Ny utgåve, Bind A, s. 4-7 (Forord).