Rekkjetunet i Færavåg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
I tunet på Færavåg ligg stova frå 1599 til høgre på biletet, bygd saman med løa. Midt i rekkja ligg stabburet og til venstre ei stove samanbygd med eldhus og skytje.

Rekkjetunet i Færavåg har sidan 1980-talet vore drive som eit kunst- og kultursenter i Tysnes kommune i Sunnhordland. Ei lang rekkje av dei fremste kunstnarane i landet har hatt utstillingar eller konsertar i tunet, mellom dei komponisten Harald Sæverud som også feira nittiårsdagen sin på rekkjetunet.

Den eldste tunsetnaden

Rekkjetunet i Færevåg er eit godt døme på den vestlandske varianten av rekkjetun. Den eldste bygningen kan daterast tilbake til slutten av 1500-talet. På ei tømmerbjelke i det noverande kjøkenet i bustadhuset er det rissa inn "ANNO DAAMINY 1599". Det noverande bruket kan førast tilbake til 1643, då Færavåg vart delt i to like store bruk.

Segna fortel at det var ein tyskar som først rydda garden på Færavåg og sette opp ei stove der, i lag med Jacob Sle frå Uggdal, og at han delte opp jorda mellom to søner. Om ikkje anna er det ei viss sanning i denne segna, ettersom det fanst eit slektssamband til Jacob Sle som er nemnd spesielt i segna. I 1610 var oppsitjaren ein son av Jacob Sle. Den mannen som kom til Færavåg i 1599, heitte Elling. Men alt i 1519 fanst det to brukarar på Færavåg, sjølv om garden vart driven som einbølt fram til 1643.

Den eldste stova i Færavåg skal opphavleg ha vore 12 x 12 alne, dvs. 7.5 x 7.5 m. På slutten av 1500-talet var det ei etter måten stor stove. Det skal i den eldste tida ha budd heile fire huslyder her. Av eit skifte frå 1793 går det fram at ikkje berre stova, men også løa og eldhuset vart ått i hopehav mellom brukarane på Færavåg. Først kring 1800 var hopehavet avvikla. I eit skifte frå 1803 finn ein desse bygningane på garden: heil røykstova, smalhus og skykkje (uthus), flor, stabbur og løe.

Frådeling og nybygging

Rekkjetunet i Færavåg, Tysnes i Sunnhordland. Postkort laga på 1980-talet. Penneteikning av Magne Kjellesvik.
Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Fram til 1810 var det folk av den gamle Færavågsætta som budde på alle dei fire bruka på garden. Då slo nokre hardingar seg ned på bruk nr. 3, det noverande rekkjetunet. Etter alt å døme var det dei som løyste den gamle storstova ut av felleseiget. Stova skal no ha stått meir eller mindre til nedfalls. Huset vart flytta ca 100 meter sørvest frå gamletunet til der det står i dag, og vart gjort ein god del mindre. Dei bygde òg på ein lem. Stova blir omtala som "en gammel Røgstue". Det vart også sett opp ei løebygning vegg i vegg med stova, slik me ser det i rekkjetunet i dag.

Rekkjetunet i Færavåg fekk altså si noverande form tidleg på 1800-talet, men tunet representerer utan tvil ein eldre byggjeskikk. I tunet står det også ei mindre stove bygd i hop med eldhus og skytje, og eit stabbur.

Rekkjetunet i Færavåg er i dag ope for omvising etter avtale.

Kjelder og litteratur

  • Drange, Ernst Berge: Tysnes gards- og ættesoge, band 1, Tysnes Sogelag 1986.
  • Heggland, Johannes: Tysnes, det gamle Njardarlog, band 1, Tysnes Sogelag 1964.