Rindebakken skysstasjon

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Rindebakken skysstasjon med overnatting i andre høgda.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2002)

Rindebakken skysstasjon blei etablert som offisiell skysstasjon 17. juli 1901. Skysstasjonen låg på garden Rindebakken i skiljet mellom Veum, Hauggrend og Skræi i Fyresdal kommune.

Bendik Aanundson Midtgarden Gryte (1825-1901) og kona Joraand Sveinsdotter Veum (1827-1901) kom til Rindebakken frå Veamyrane kring 1887. Her dreiv dei innlosjering av reisende for å spe på inntektene, og 17. juli 1901 blei Rindebakken etablert som offisiell skysstasjon. Det var dei to yngste borna på Rindebakken, Ivar og Andreas, som frå byrjinga arbeidde som skysskarar. Då Bendik og Joraand døydde med ei vekes mellomrom i 1901, vart det Andreas B. Rindebakken som fekk arve Rindebakken. Han gifta seg med Ingebjørg Sørensdotter Selstø (1881-1977) i 1909.[1] Dei to dreiv skysstasjonen vidare i lag, og fekk sju born.[2]

Rindebakken vert omtala med Andreas som "skysstasjons-haldar i 50 år" i 1955.[3] Andreas døydde i 1953. På skysstasjonen dreiv ein vidare til omlag midten av 1960-talet.[4]

Arkiv

Det er oppbevart protokollar frå Rindebakken skysstasjon ved Vest-Telemark Museum.

Referansar

  1. Ættesoga - familieband til Kviteseid
  2. Marvik, 1991, s. 1503.
  3. Norske gardsbruk, 1955, s. 488.
  4. Rindebakken.net (Lest 30. april 2019, kl. 08.30)

Kjelder

  • Marvik, Steinar, Fyresdal : gards- og ættesoge. 3, Fyresdal : Fyresdal kommune, 1992. Lenke til digital utgåve på Nasjonalbiblioteket.
  • Norske gardsbruk : Telemark fylke. 1, Oslo : Forlaget norske gardsbruk, 1955. Lenke til digital utgåve på Nasjonalbiblioteket.
  • Rindebakken.net.
  • Ættesoga - familieband til Kviteseid.