Rollag historielag
Hopp til navigering
Hopp til søk
Rollag historielag i Rollag kommune i Numedal vart stifta i 1980.
Fyrste leiar var Gunhulf Skuggerud, som vart etterfulgt av Olaug Skuggerud i 1982. Fyrste sekretær var Winnie Breivold, som vart etterfulgt i 1982 av Bjørg Pettersen. Kasserer dei fyrste åra var Kåre Mogan. Kontingent ved etableringa var 25 kroner pr. medlem, med 5 kroner for kvart familiemedlem attåt.
Rydding omkring varden på Vrågå (symbolet i kommunevåpenet) var blant aktivitetene etter etableringa, i tillegg til nykopiering/omkopiering av filmopptak frå Numedal frå slutten av 1920-talet og ein vegviser til funnstaden for Traaenskatten (mynt- og smykkefunn frå middelalderen).
Kjelder
- «Historielag med allsidig program». Laagendalsposten 1982.03.19. 19820319. Digital versjon på Nettbiblioteket.