Rueguto

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Rueguto sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2017).

Rueguto i i Midt-Telemark kommune går nordover frå Vreimsida ved Innleggen vestre til krysset med Sønstebøvegen i Breskelia der han går over i Breskelivegen. Han er om lag 1,2 kilometer lang og går i jordbrukslandskap.

Vegen har namn etter garden Rue, og det norrøne «guto» (gata). «Gate» tyder her «fegate», ein inngjerda drifteveg som kunne gå frå gardstunet til utmarka eller mellom gardane, og blei brukt til å leie dyra. Rueguto blei kommunal veg i 1981 og namnsett i 1988.

Kjelder


Koordinater: 59.42724° N 9.02115° Ø