Rust 4H
Hopp til navigering
Hopp til søk
Rust 4H i Åmotsdal i Vest-Telemark vart starta i 1981.
Dei fyrste medlemmene var: Morten Grindalen, Geir Johan Groven, Torild Groven og Gullbjørg Haugetuft. Leiarar var Tove Lunde Aase og Gro Reidun Groven.
Medlemsmøta vart i byrjinga haldne i heimane til leiarane, seinare på Steinmoen og Åmotsdal grendehus.
Rust 4H sette opp lavvo som fellesprosjekt på Kyrkjemoen sin grunn i 2001 og ein gapahuk på Sneie i 2009.
Laget har 11 medlemmer i 2019.
Arkiv
Arkivet til Rust 4H vert oppbevara i Åmotsdal Sogelag sitt arkiv og er ferdig ordna.
Kjelder
- Arkivet ÅS.A-1000, Åmotsdal Sogelag.