S.H. Kulseth bakeri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

S.H. Kulseth var ei bakarvareforretning i Sykkylven. Eigaren, Sigmund H. Kulseth, var utdanna bakar då han kom til kommunen, og arbeidde nokre år hos bakarane Walderhaug og Roald før han kom i gang med sitt eige firma.

Firmaet vart skipa i 1965. Sjølve bakeriet hadde då lokale på Vik, og utsalet var i Klock-huset på Aure. I 1975 vart bakeriet flytt til nye, romslege lokale hos Jens Ullavik på Fauske, medan utsalet har vore på same staden heile tida.

Produkta, alle slag brød og konditorvarer, vart omsette gjennom utsalet på Aure, men ein god del vart og levert til kolonialkjøpmenn i og utanfor kommunen.

Etter starten hadde firmaet ei fin utvikling både økonomisk og produksjonsmessig. Utstyr og maskinar vart stadig moderniserte og fornya.

Då Sigmund Kulseth pensjonerte seg, vart drifta overdregen til bakar Moritz Soltvedt. Etter at Soltvedtfamilien også gav seg, heldt bakar Westre frå Ørsta ei tid fram med bakarvareutsal i Sykkylven. Dei siste åra har det ikkje vore eigen bakarforretning i kommunen.


Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.