Sagelv helleristningsfelt
Sagelv helleristningsfelt er eit helleristningsfelt ved Sagelva i Hamarøy kommune i Nord-Salten. Feltet inneheld to konturframstilte reinsdyr innslipt i naturlig størrelse. Begge desse er rista inn nedom kanten på det bratte svaberget fleire meter over elva. Det finst fleire ulike syn på dateringa av feltet — frå så tidlig som ca 7000 fvt. til så seint som 3000–2500 fvt.
Dateringa av Sagelv helleristningsfelt er omdiskutert. Den tidligaste dateringsmodellen tek utgangspunkt i at steinalderfolket ikkje hadde dei taua ein treng for å henge nedover berget og riste inn reinsdyra, og at ristningane derfor må stamme frå den tida at havet stod heilt opp hit og ein kunne riste inn direkte frå båt. Med eit havnivå på ca 48 meter over noverande nivå tyder dette på ei datering heilt tilbake til kring 6000 fvt. Denne forklaringa er problematisk av fleire grunnar: Vi veit slett ikkje sikkert at folk i området ikkje hadde tau kring 3000–2500 fvt., og dei kan ha bruka stige på elveisen om vinteren òg. Med den tidkrevande innslipingsteknikken er det dessutan trulig at det blei for vanskeleg å arbeide frå båt med mindre dei hadde gode tau til å halde båten i posisjon — noko som i seg sjølv gjer det einaste oppgjevne argumentet for ei tidligare datering mindre trulig.
Tromsø Museum oppgjev ei datering føre 5000 fvt.[1], medan Simonsen hevdar at med utgangspunkt i sjølve helleristningane er det trulig at dei blei laga så så seint som kring 3000–2500 fvt.[2]
Feltet utgjorde post 10 i Kulturminneløypa i Hamarøy kommune, som vart oppretta under Kulturminneåret 1997.
Fotnotar
- ↑ “... minst 7000 år gammel” (informasjonsskilt frå Miljøverndepartementet/Tromsø Museum ved helleristningsfeltet)
- ↑ “... ikke eldre enn fra ca. 3000–2500 f.Kr., som er den arkeologisk rimelige datering.” (Simonsen 1970)
Kjelder
- Simonsen, Povl: Fortidsminner nord for Polarsirkelen. Tromsø : Universitetsforlaget, 1970.