Sagvågen kystlag
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sagvågen kystlag i Stord kommune vart etablert i 1994. Laget har om lag 80 medlemmer (2012) og er medlem av Forbundet KYSTEN. Sagvågen kystlag arbeider med å laga lister over båtane som er bygde i Sagvåg, og det har gått over fleire år.
Allereide tidleg i arbeidet fann dei ut at det ikkje var mogleg å laga eit fullt oversyn over alle båtane som har vorte sjøsett i bygda. Til og med den seinare historia er lite tilgjengeleg. Mellom anna er det usikkert om dei har klart å få med ei full liste frå Elektrosveis, sjølv om første båten derifrå vart levert så seint som i 1954. For skipsbyggjeriet på Holmen er det òg store hol.
Leiar i 2022 er Rune Jørgensen.