Samson Amland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Samson Jacobson Amland (fødd 11.08.1856, død 1933) var frå Amland, Tysnes, var sjømann, bonde, landpostbud, folkeminnesamlar og kjømeister.

Forledra var Jacob Johannesson Myklestad (1814-1881) og Marta Johannesdtr. Teigland (1812-85). Han gifta seg i 1885 med Anna Marie Lorentse Sjursdtr. Våge (1857-1930). Dei fekk sju born. I 1886 tok han over garden etter foreldra. I tillegg til gardsarbeidet jobba Samson som postbud i ruta Uggdalseidet - Amlandsstø frå 1908 fram til han måtte gje seg på grunn av alderdom i 1925. Han var ein kjend og populær kjømeister i bryllup og gravferder i Hålandsneset.[1]

I Etno-folkloristisk arkiv finst det ei visesamling etter Samson.

  1. Drange, Ernst Berge: Tysnes. Utg. Tysnes sogelag. Uggdalseidet. 1986. Digital versjonNettbiblioteket.