Samtale:Russefangar i Fyresdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Moland kyrkje og Moland kyrkjegard har alltid vore på same stad, kyrkjegarden er som vanleg kring kyrkja. Det er denne som misvisande er blitt kalla «Moland gamle kyrkjegard» i mangel av eit anna namn. Dette får ein til å tenke på ein fråflytta kyrkjestad. På grunn av mangel på plass vart det så ca. 1920 laga til ein annan stor gravplass/kyrkjegard eit lengre stykke unna, med eit stort jorde mellom. Dette er altså ikkje eigentleg ein sjølvstendig kyrkjegard, kyrkja manglar, men ei utviding av den opphavlege. Denne har så misvisande fått nemninga «Moland nye kyrkjegard». Ein burde fått til eit namn som syner at det er to avdelingar av same kyrkjegard eigentleg. Eg ville difor ikkje ha denne interne lenka til Moland nye kyrkjegard, det er ikkje ved Moland kyrkje og prestegard dei ligg, som lenka då syner til. Lenka vert feil og misvisande. Eg er flink til å spikke flisar når eg har skarp kniv! Med beste helsing frå Olav Momrak-Haugan 3. aug 2011 kl. 09:52 (CEST)

Lenke fjernet! Takk for oppklaring, og beklager feillenkingen. Ha en forsatt fin dag! mvh, Veslemøy DB Søbak 3. aug 2011 kl. 10:18 (CEST)

Takk, og ingen grunn til beklaging. Alle sentrale instansar går litt i surr her. Takk elles for veldig god opprydding i mitt skriv, det er så bra, og er og ein del detaljar eg bør kunne lære av, det er slike detaljar eg sjølv er oppteken av at er korrekt, men ikkje alltid ser når eg skriv. Gildt. Ha sjølv ein fin dag, her er det no sol men stadig regnbyger som gjer det vanskeleg å få høy turt nok til høyturka! Med beste helsing frå Olav Momrak-Haugan 3. aug 2011 kl. 11:53 (CEST)

Begynn en diskusjon om siden «Russefangar i Fyresdal»

Start en diskusjon