Seljord Viselag
Seljord Viselag blei skipa hausten 1975 av Kjell Oskar Selman, Gunnar Sveinsson, Margit Skrede og Torkjell Ringen.
Målet med laget var frå byrjinga å samle inn nye og gamle viser frå Seljord kommune, setje melodi til, og skrive ned notar og vers i bokform. Allereie året etter stifitnga gav viselaget ut boka "-og bygdi syng: Viser frå Seljord" på Tiden Forlag. Seinare gav laget ut ei heidersbok til Hans Gotfried Kivle som også inneheldt prosatekstar Kivle hadde skrive. Viselaget hadde også planar om å få til ein "Brøløs-festival" i sentrum av Seljord.[1]
I 1979 bestod styret i laget av Tone Straume (forkvinne), Mette Aanderaa (kasserar) og Kjell Oskar Selman (styremedlem).[2]
Arkiv
Seljord kommune tek vare på eit lite arkiv etter Seljord Viselag. Sjå oppføring i lista over privatarkiv frå Telemark.
Referansar
Kjelder og vidare lesning
- Norsk vise- og lyrikkforum, "Viseversa. 1979 Vol. 4 Nr. 2 : organ for Norsk vise- og lyrikkforum", Trondheim : NVLF, 1979. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
- Seljord Viselag, - og bygdi syng : viser frå Seljord, Oslo : Tiden, 1976. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
- Kivle, Hans G., I dørglytten : dikt og prosa, Seljord : Seljord viselag, 1978. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.