Sengebu
Hopp til navigering
Hopp til søk
.
.
Sengebu er ein hustype kjend frå Vestlandet og Vest-Agder. Typen kom i mellomalderen, men vart særleg vanleg på 1600- og 1700-talet. På større garder vart sengebua nytta som gjestestove. Etter kvart vart det vanleg å nytte bua som lagerhus for klede, som i eit bur eller loft på Austlandet. Gjestesengene vart ståande, og om ein hadde plass var det òg vanleg med sommersenger for gardsfolket.
Både i form og funksjon er det liten skilnad mellom ei sengebu og eit bur/loft.
Litteratur og kjelder
- Sengebu på Wikipedia på nynorsk.
- Mork, Paal (red.), Norsk Folkemuseum - Friluftsmuseet, By og Bygd 43, Norsk Folkemuseum, 2010..