Sigri Guttormsdotter Leisterud

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sigri Guttormsdotter Leisterud (født 1722 i Reinli, død 1795 same stad) var ei bondekone frå Reinli i dagens Sør-Aurdal kommune. Ho var gift tre gonger, fekk femten barn og overlevde alle sine tre ektemenn.

Sigri var dotter av Guttorm Olsson Dølve (1674–1748), som var av den gamle ætten på Dølve, og Kjersti Sindresdotter (d. 1773). Ho vart døypt den 29. juni 1722 i Reinli kyrkje[1]. Faren var oldebarn av Arne Bjørnsson Dølve og ho vaks opp på Dølve der faren eigde halve garden. Vi kjenner berre ei syster, Kari, som vart født i 1733.

I 1738, seksten år gammal, gifta hos seg for fyrste gongen med Ola Tomassson Skar (1708–1743) frå Erstad[2], der dei budde på bruk A. Dei fekk tre barn:

  • Sigri Olsdotter(1739–1808), gift med Hallstein Paulsson Framgarden på Framgarden bruk IVa.
  • Guttorm Olsson (f. 1740).
  • Guri Olsdotter (f. 1743).

Ola Skar døydde i 1743. Allereie same året vart Sigri gift for andre gongen, med Alv Syversson Leisterud (1722–1763)[3]. Dei busette seg på Midtre Leistrud, der Alv vart den fyrste brukaren etter at Leisterud vart delt i 1743. Alv og Sigri fekk heile ti barn:

  • Syver Alvsson (1745–1758).
  • Ola Alvsson (1748–1750).
  • Eli Alvsdotter (f. 1750), gift med Ola Olsson Brattvøll, busett på Leistrudbakkin.
  • Guttorm Alvsson (f. 1752).
  • Ola Alvsson (1754–1813), tok over Midtre Leisterud i 1777, gift med Gjartrud Ivarsdotter Bagn.
  • Guttorm Alvsson (f. 1755).
  • Kjersti Alvsdotter (f. 1756), gift med Knut Knutsson Grandalen frå Etnedal.
  • Guttorm Alvsson (1757–1826), gift med Anne Olsdotter Brattrud, busett på Midtlie, seinare husmannsfolk under Sørum.
  • Syver Alvsson (f. 1760).
  • Syver Alvsson (f. 1762).

I 1763 døydde så Alv, så Sigri satt att som enkje for andre gongen. Heller ikkje denne gongen venta ho lenge med å gifte seg på nytt. Våren 1764 gifta ho seg med Tore Olsson nørdre Tronrud (1737–1783) i Bagn kyrkje[4]. Dei fekk to barn; Sigri var no over førti år gammal, og ingen av de to barna fekk oppleve toårsdagen.

  • Tora Toresdotter (1764–1765).
  • Tora Toresdotter (1765–1766).

Etter at Tore døydde i 1783 levde Sigri vidare på livaure på Midtre Leisterud, som sonen Ola Alvsson hadde teke over i 1777. Ho døydde der i 1795[5].

Referansar

Kjelder