Simlenes krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Simlenes krins var ein skulekrins i Fresvik, Vik i Sogn. Denne krinsen var ein del av Leikanger kommune fram til 1992. Skulekrinsen blei oppretta i 1907 og avslutta i 1916. Etter dette vart borna frå Simlenes og frå Bøtun krins sendt til Fresvik krins.

Til Simlenes kom skuleborn frå gardane Solheim, Svea, Simlenes og Høgberg. Skulen blei halden annakvar gong på dei to bruka som låg der. Fyrst hjå Lasse Toraldsson Simlenes (Buane) i to veker, så to veker på loftet i gamlestova hjå Nils Simlenes. Det var ikkje særleg godt tilrettelagt for undervisning hjå sistnemnde, der var truleg kaldt og knapt med ljos. Dermed vart det vedteke at loftet hjå Nils Simlenes måtte kleast skikkeleg så det held på varmen, og det blei satt inn eit større glas.

Skulehus

Skuledagen

Skulevegen

Etter 1916 når elevane måtte gå på skulen i Fresvik blei dei rodd i båt fram til skulen, og etterkvart blei motorbåt nytta. Men i kraftig vind og i dårlig ver var det ikkje noko alternativ å reise sjøvegen, så då måtte elevane frå Simlenes og omegn gå til skulen via Fresvikåsen og Simlekleivane.

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Hauge Johannes Simlenes (Buene) 1907 1912
Hatleli P. O 1877 Simlenes (Buene) 1912 1913
Molland Per 1877 Simlenes (Buene) 1913 1916

Kjelder og litteratur


Koordinater: 61.12991° N 6.74680° Ø