Sjånesvegen 24 (Fedje gnr 168 bnr 401)
Sjånesvegen 24 | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 168 |
Bnr: | 401 |
Adresse: | Sjånesvegen 24 |
Sjånesvegen 24 er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.
1. Terje Alling f. 1960, bustad Bergen, fekk skøyte på tomt med huset til gnr 168 bnr 26 Midt-Tangen (sjå nr 22 der) i 1996, frådelt same året. Det vart brukt til utleige til tilsette på Fedje trafikksentral.
2. Odd Magne Stikholmen f. 1962 Stekholmen, Øvretveita i Sund (jf Sundb. IV s 455), oppvaksen der og på Askøy, overingeniør, samb. 1988 m. Rita Grøtte f. 1962 Bergen, oppvaksen der og på Askøy, rekneskapsmedarbeidar, bustad Bergen. Skøyte i 2002. Huset vert nytta som fritidsbustad. Det vart ferdig renovert i 2021.
Born: a. Runar Grøtte Stikholmen f. 1988, mekanisk formann, samb. 2013 m. Eline Beate Sandvik f. 1989 Bjorøyna i Fjell, bioingeniør, busette der, no i Øygarden kommune. b. Viljar Grøtte Stikholmen f. 1990 samb. 2011 m. Heidi Storemark f. 1990 Husøyna (gnr 168 bnr 251-3b), bustad Bergen. c. Gardar Stikholmen Grøtte f. 2000 samb. 2020 m. Kristine Johnsen f. 2000 Lindås, begge tømrarar, bustad Bergen.
Sjånesvegen 24 (Fedje gnr 168 bnr 401) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Skotholmevegen 15 (Fedje gnr 168 bnr 385) • Neste bolk: Skotholmevegen 18 (Fedje gnr 168 bnr 439) |