Sjøberg (Fedje gnr 168 bnr 90)
Sjøberg | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 168 |
Bnr: | 90 |
Adresse: | Mulevegen 11 |
Sjøberg er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
1. Johan Karlsen Husa f. 1885 Moldøyna (husmenn 4c) d. 1979 g. 1907 m. Elvina Monsd f. 1879 Uthaugen (gnr 168 bnr 20-8f) d. 1952. Dei sette opp hus her omkring 1912, tidlegare budde dei i Uthaugen. Tomta vart frådelt gnr 168 bnr 7 i 1944. Plassen vert kalla «Klubben». Johan var fiskar.
Born: a. Adolf Kristoffer Strand f. 1908 d. 1998 g. 1936 m. Konstanse Børhaug f. 1912 (gnr 168 bnr 33-1f) d. 2003, bygde der (gnr 168 bnr 74-1). b. Odin Martin Husa f. 1910 d. 1991 g. 1936 m. Mally Ophaug f. 1912 (gnr 168 bnr 13-22a) d. 1986, budde der (gnr 168 bnr 69-1). c. Ruth Charlotte Husa f. 1914 d. 2006 g. 1938 m. Olav Nilsen f. 1915 Husa (gnr 168 bnr 63-1aa) d. 2007, bygde på Svena (gnr 168 bnr 81). d. Edith Johanne Husa f. 1926 d. 2004, neste eigar (2).
2. Edith Husa f. 1926 på dette bruket (1d) d. 2004 g. 1954 m. Leif Herøy f. 1925 Stormark (gnr 172 bnr 14-1k) d. 1995. Skøyte her i 1962. Skøyte 1964 på tilleggsareal bnr 192. Edith var reinhaldar i skulen i 16 år. Leif dreiv forretningen på Stormark (gnr 172 bnr 95-4) til han vart poststyrar i 1962. Leif var den første dirigenten for Fedje skulemusikkorps då det starta opp i 1972.
Born: a. Erling Johan Herøy f. 1955, neste eigar (3). b. Louise Jorunn Herøy f. 1959 samb.m. Tore Knudsen f. 1954 Stavanger, bustad Knarvik i Lindås, Alver kommune. Sjå òg Kremmarholmen gnr 169 bnr 136-1 og Kremmarholmen 25 (gnr 169 bnr 62-3)
3. Erling Herøy f. 1955 på dette bruket (2a), avd.leiar fiskeindustri, matros, g. 1994 m. Grete Nansy Algrøy f. 1956 Fjell d. 2021, helse- og sosialsjef frå 1994, seinare assisterande rådmann, tidlegare førstekonsulent i Posten i Bergen. Dei budde før i Husøyna (gnr 168 bnr 247-7). Skøyte på bnr 90 i 2004. Garasje og naust ligg på tomt bnr 533, frådelt gnr 168 bnr 172 i 2020, skøyte då.
Sjøberg (Fedje gnr 168 bnr 90) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Tunsvoll (Fedje gnr 168 bnr 87) • Neste bolk: Viktun (Fedje gnr 168 bnr 95) |