Skånevik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn mot Skånevik, måla av Lars Hertervig i 1855.

Skånevik er ein tettstad i Etne kommune, inst i Skånevikfjorden nær innløpet til Åkrafjorden. Det bur rett under 600 innbyggjarar der (2016).

Staden var frå 1837 til 1965 sentrum for Skånevik kommune, som vart delt mellom Etne, Fjelberg og Kvinnherad kommunar. Delen sør for fjordane og aust for Åkra, som inkluderer Skånevik, vart del av Etne.

Det er ferjesamband mellom Skånevik, Matre og Utåker. Og når ein er inne på skipsfart: Folgefonden-forliset i 1908 fann stad på Trøskenesflua ved Skånevik. 26 omkom i det som er den største ulukka i Etne i moderne tid. Det vart i 1993 reist eit minnesmerke over ulukka i Skånevik. Ein finn òg minnesmerke i form av snublesteinar over Edith Reichwald, Hans Reichwald og Harry Reichwald, ein jødisk familie i Skånevik som vart ofre for holocaust.

Skånevik Blues Festival vert arrangert kvart år i juli.

Litteratur og kjelder