Skaktavl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Skaktavl er ei gammal norsk adelsslekt. Namnet kjem frå slekta sitt våpen, ei skråbjelke ruta som eit sjakkbrett. Det vart nytta allereie i 1388, men vi veit ikkje noko sikkert om slekta før i 1547. Det har vorte skrive mykje om slekta, og det er mange teoriar som har endra seg over tid med nye kjelder og nye tolkingar.

Den sikre lina av slekta startar med Torbern Olufssøn Skaktavl (d. 1577). Han var den siste katolske og første lutherske soknepresten til Toten prestegjeld.

Den adelige lina døydde ut før 1718, men det finst etterkomarar.

Kjende medlem av slekta

Vi starter denne lista med Oluf Bjørnsson Skaktavl (1460–1505), sjølv om han ikkje er heilt sikkert dokumentert, for å få knytta saman syskena Torbern og Birgitte Skaktavl. Det vi veit heilt sikkert at det må ha vore ein Oluf Skaktavl som var far til Torbern og Birgitte, men om han var ein Bjørnsson kan ikkje dokumenterast.

Mogleg opphav for slekta

Det har som nemnd vore gjort mange forsøk på å sette opp ei oversikt over anane til Skaktavlslekta. Det følgjande er ei mogleg anerekkje, men jo lenger ein kjem attende i slekta, jo mindre sikre vert opplysningane. Ein kan difor ikkje ta dette som anna enn nokre sikre opplysningar blanda med spekulasjon. Det er oppgjeve årstall for fleire av dei første personane i rekkja, men desse er det knapt noko belegg for. Vi tar dei jamvel med, ettersom dei er ein del av historia om slekta. Årstala gjer det også klart at nokre av opplysningane ikkje kan stemme, til dømes at Bjørn Jonsson var fødd rundt 1325, berre fem år etter at faren skal vere fødd, og at same mannen døydde fire år før sone hans vart fødd.

  • Finnvid den fundne (857–881), skal ha vorte funne i eit ørnerede.
    • Thorarinn Finnvidsson (881–913), frå Møre.
      • Arnvid Thorarinnsson Giske (913–1000).
        • Arnmod Arnvidsson Giske, 945–986), jarl.
          • Arne Arnmodsson (963–1024). Opphav til Giskeætta.
          • Kalv Arnmodsson til Ringnes.
            • Ketil Kalv (995–1021). Gift med Gunnhild Sigurdsdotter.
              • Guttorm Gunhildsson Ringnes (d. 1052).
                • Karl Guttormsson.
                  • Guttom Kalvsson.
                    • Halvard Guttormsson Såstad (d. 1165).
                      • Agmund Halvardsen Bratt.
                        • Harald Agmundsson Stangarfylja Bolt (f. 1180), riksråd.
                          • Halldor Haraldsson Kusse (d. 1259).
                            • Jon Tore Haldorsson Kurf (1250–1320).
                              • Hallvard Jonsson Kur (1280–1320).
                                • Jon Hallvardsson Kusse (1320–1350).
                                  • Bjørn Jonsson (omkr. 1325–1381).
                                    • Halvor Bjørnsson (f. 1385).

Litteratur

Vidare lesing