Skald

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Skald (skáld, eig. tyding ukjend) er nemninga på ein norrøn diktar og historieforteljar. Skaldane var ofte i teneste hos kongar, høvdingar og stormenn, og skreiv mellom anna hyllande kvad til desse. For det kunne dei nyte gode løner og var høgt akta i samfunnet. Fleire av kvada hadde religiøst og moralsk innhald. I tillegg heldt skaldane tradisjonar om viktige hendingar i fortida levande og rapporterte dessutan om nåtida. Fleire kongar tok skaldane med ut i felten, der dei både kriga og verka som ein slags krigsreportarar.

Kvada vart framsagde, kan hende også sunge for tilhøyrarane. Mange er gått tapt, men av dei som levde lenge nok i munnleg minne, rakk nokre å bli nedskrivne. Skaldekvada går mellom anna inn som sitat i sagalitteraturen. Det er ikke semje blant forskarana om dikta verkeleg er skrivne av dei skaldane som er namngjevne i overleveringane. Det gjeld særleg dei som finst i konge- og islendingesagaene.

I det islandske Skaldatal frå 1200-talet vert 148 skaldar lista opp under landet og kongen dei tente under, i alt 89 arbeidsgjevarar. Det internasjonale forskningsprosjektet Scaldic Poetry of the Scandinavian Middle Ages har 400 skaldar i sin database. Blant dei mest kjende norske skaldane reknast Tjodolv frå Kvine, Torbjørn Hornklove og Øyvind Skaldespiller. Dei to fyrste tente under Harald Hårfagre, den siste under Håkon den gode.

Dei kvinnelege diktarane vart kalla skaldkone (skáldkonur) eller skaldmøy (skáldmær). Av dei 400 skaldane i ovannemnde base er nærare 30 nemnde med kvinnenamn og oppførte med ei eller fleire diktstrofer. Mest omtala av dei norske kvinnene er Jorunn Skaldmøy, som skal ha levd på fyrste halvdel av 900-talet, Hild Rolfsdotter, kona til Ragnvald Mørejarl, og dronning Gunnhild Gormsdotter.

Kjelder