Skjelgrenda

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Skjelgrenda ligg nord i Vestre Slidre kommune i Valdres, på grensa mot kommunane Øystre Slidre og Vang. I grenda er det fem eigedommar og 12 fastbuande innbyggjarar (pr. 2020). I 2016 tok skjelgrendingane initiativ til å justere grensa, slik at området kunne overførast til Øystre Slidre. Geografisk ligg grenda i denne kommunen, og innbyggjarane har stuttast veg til kommunale tenester her. Sidan 1980-talet har ungane i Skjelgrenda gått på skule og i barnehage i nabokommunen. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vedtok 13. mai 2020 å overføre grenda til Øystre Slidre, med verknad frå 1. januar 2021.

Kjelder og litteratur