Skolehuset fra Natås

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skolehuset frå Natås på Norsk Folkemuseum.
Foto: Chris Nyborg (2008).
Interiøret er bygd opp ut frå skildringar frå tidlegare elevar ved skolen.
Foto: Chris Nyborg (2008).

Skolehuset fra Natås er ein bygning som opphavleg var skolestove på Natås i Lindås kommune, og som sidan 1976 har stått på Norsk Folkemuseum i Oslo.

Stua blei reist i åra 1866–1867, og er typisk for skolestover frå denne tida. Det har eit rom til undervisning, ein gang og eit kammers. På baksida er det ei sval. Det var i bruk som skulestove heilt fram til 1960-åra. I 1968 blei det overlevert til museet, der det blei gjenreist i 1976. Det ytre er slik det var då huset var nytt, med raudmalt fasade og torvtak. Innvendig er stova innreia ut frå skildringar frå tidlegare elevar, særleg frå Maria Skauge som var elev der frå 1898 ti 1906.

På somrane er det «Historisk ferieskole» i skolehuset, der barn kan få oppleve ein skoledag slik han var for vel hundre år sida.

Kjelder

  • Mork, Paal (red.), Norsk Folkemuseum - Friluftsmuseet, By og Bygd 43, Norsk Folkemuseum, 2010.

Koordinater: 59.90815° N 10.68523° Ø