Snippen (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Snippen kan ha flere betydninger

Folkestadgata 16 tilsvarer Fyresdal gnr. 36/88 der husmannsplassen Snippen vart bygd. Denne plassen låg under Moland Prestegard (Fyresdal gnr. 36/1) og vart bygd rett før folketeljinga 1865 nær grensa mot Århus (Fyresdal gnr. 37/1). Snippestoga var det fyrste huset i Folkestadbyen, men det har ikkje noko med etableringa av denne bygdebyen å gjere, husmannsplassen låg heilt i nordre kant av dette området. Der budde Tore Såvison og kona Asgjerd Bendiksdtr. Dei kom frå N. Svalestog og var husfolk.

Alt ikring 1868 hadde Kjetil Olavson Nesland frå Råpestad (1833-1917) og kona Ingebjørg Halvorsdtr. Rui frå Norskog/Skræi (Fyresdal gnr. 91) teke over Snippen. I nærare 50 år budde Kjetil her som innerst og arbeidar, han var og kyrkjesongar. Etter at Kjetil var død vart husa rivne og tomta dela opp.

Stova vart flytta til Heimdal (Fyresdal gnr. 36/10), rappa innvendig og nytta til fjøs. Etter mange år med diverse bruk vart denne bygningen riven i 1993. Før riving vart tømra vurdert av Fyresdal Bygdemuseum med tanke på mogleg gjenreising på museet, men vart funne så endra og i ein slik forfatning, etter mange år som uthusbygning, at dette ikkje var aktuelt.

På ein del av tomta vart det etter kvart reist eit moderne kontorbygg som i 2019 er i full bruk; der har vore skiftande leigetakarar.

Biletgalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.