Snurrevad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
På MB «Nybør», her utafor slippen på Vik, nytta brødrene Longva i mange år snurrevad.

Snurrevad er ei not som vert sett på sandbotn. Når nota skal settjast vert det lagt ei blåse i enden på første drotten som vert gått ut. Drotten er rundt 500 famner lang, deretter fyljer nota og vidare drotten på siste enden av nota. Det vert gått i ein svak bue attende til blåsa det var starta med. Når nota har sokke ned vert det vinsja sakte inn. I denne fasen vert båten halden i forsiktig framfart. Etter kvart som drottane nermar seg kvarandre vert nota meir og meir ein pose. Då vert vinsjefarta auka for å halde fisken bak i notposen. Når posen er oppe på rekka vert mantelen, vaieren på bommen, huka i stropper og hivet vert teke ombord. Er det meir enn 500 kg rund fisk vert det delt i fleire hiv. Dette var slik brødrene Longva brukte snurrevad når dei drifta med denne reidskapen på «Nybør».

I Wikipedia vert det forklart med å setje ut eit anker (dregg) å legge endeblåsa på, dette er ikkje nytta i 1950-åra og utover. På «Nybør» vert det forklart å vera for tungvint.

Ekstern lenkje

Kjelder

  • Oddvar Longva, medeigar av «Nybør».