Sogeskrift frå Hyllestad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sogeskrift frå Hyllestad vert utjeve av Hyllestad Sogelag i Sogn og Fjordane.

Hyllestad Sogelag vart opphavleg skipa 25. november 1975. Etter nokre år sovna laget inn, men grunnlaget for Sogeskrift frå Hyllestad var lagt, og det kom ut fem nummer.

Sogelaget vart reorganisert i januar 2000, og sogeskriftet kom igjen ut. Sidan har sogeskriftet komme ut før jul kvart år, som fyldige hefter med mykje lokalhistorisk stoff.

Sogeskrift frå Hyllestad er laget si hovudoppgåve, men Hyllestad Sogelag er også med i andre aktivitetar; slikt som «Kulturvandringar» i samarbeid med Folkeakademiet i Hyllestad og Kvernsteinsparken (Musea i Sogn og Fjordane).

Alle årgangane av "Sogeskrift frå Hyllestad" er no digitaliserte av Nasjonalbiblioteket og er åpent tilgjengelige på deira heimeside - tidsskrift.

Oversyn over artiklar i hefta til og med 2018 finn ein på Sogelaget si heimeside: Hyllestad-sogelag.no

Kjelder og litteratur