Solstrand (Fedje gnr 168 bnr 50)
Solstrand er ein bustadeigedom i Fedje kommune, no nytta som fritidsbustad.
| Solstrand | |
|---|---|
| Sokn: | Fedje sokn |
| Fylke: | Vestland fylke |
| Kommune: | Fedje kommune |
| Gnr.: | 168 |
| Bnr: | 50 |
| Adresse: | Mulevegen 54 |
1. Lars Eriksen f. 1898 Husa (gnr 168 bnr 9-10d) d. 1963, fiskar, medeigar M/B «Rapp», g. 1929 m. Gudrun Ivarsd Husa f. 1903 (gnr 168 bnr 12-7g) d. 1960. Skøyte 1929 til Lars for 700 kr og kår til foreldra på halvparten av jorda til gnr 168 bnr 9, frådelt same året. Huset vart òg bygd i 1929.
Born: a. Ingrid Gidske Eriksen f. 1931 g. 1952 m. Andreas Ophaug f. 1927 Kopper (gnr 168 bnr 53-1b) d. 2009, bygde på Svena gnr 168 bnr 121. b. Marie Elisabet Eriksen f. 1935 g. 1956 m. Kristoffer Karlsen f. 1932 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 62-1b) d. 2009, busette der (2). c. Leif Gunnar Eriksen f. 1937, neste eigar (2). d. Erling Eriksen f. 1941 var g.1.g. 1965 m. Ann Mari Ovesen f. 1943 Hitra, Sør-Trøndelag d. 1998, busette Bergen, g.2.g. 2000 m. Karin Krogh Nilsen f. 1947 Svolvær i Vågan, Lofoten, busette der. Sjå òg Sulo gnr 169 bnr 13-4.
2. Leif Eriksen f. 1937 på dette bruket (1c), maskinsjef, skipsinspektør, g. 1963 m. Turid Rindheim f. 1942 Kinn, Flora. Skøyte her i 1960. Familien flytta til Bergen i 1975, og brukte huset som feriebustad. Det vart renovert i 1968.
Born: a. Trond Eriksen f. 1964, sjå Husa (gnr 168 bnr 51-4). b. Leni Eriksen f. 1969, bustad Bergen.
3. Bjørn Kenneth Øksnes f. 1967 Osterøy, dagleg leiar, g. 1997 m. Angela Lill Danielsen f. 1971 Bergen, assistent, bustad Runnhovda på Osterøy. Skøyte i 2020, huset vert brukt som fritidsbustad.
Born: a. Emil Andre Øksnes f. 1993, mekanikar, bustad Osterøy. b. Fredrik Øksnes f. 1996, ingeniør, bustad Bergen. a. Henrik Øksnes f. 2000, bustad Osterøy. b. Rosalinn Øksnes f. 2003, bustad Osterøy.
| Solstrand (Fedje gnr 168 bnr 50) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Skansen (Fedje gnr 168 bnr 48) • Neste bolk: Toskarhaugen (Fedje gnr 168 bnr 51) |