Solveig Sandberg
Solveig Sandberg (fødd 1951 i Asker) er gardbrukar og lærar.
Solveig Sandberg vaks opp i Asker, men budde på garden Midtre Vøllo i Heggenes i delar av oppveksten da mor hennar var odelsjente og var med og dreiv garden.
Ho vart tidleg nysgjerrig på korleis livet var i Øystre Slidre i gamal tid, og tok alt som ungdom til å intervjue besteforeldre og andre eldre folk i bygda. Den lokal-og kulturhistoriske interessa fekk ytterlegare tyngde ved at ho valde å studere fag som folkeminnevitskap, norsk og historie, før ho utdanna seg til lærar.
I 1982 flytte ho til Valdres for godt, og arbeidde eitt par år som lærar ved Øystre Slidre barne- og ungdomsskule, før ho gav seg i kast med gardsarbeidet på heil tid.
Faren, Magnus Sandberg, etablerte Fjellbygdakademiet og restaurerte Liastølen på Beitostølen i byrjinga av 2000-talet og til han døydde i 2010. Solveig overtok dette stølsmiljøet etter faren, og ho har vidareutvikla Liastølen til ein stad for yrande kulturhistorisk formidling heile sommaren i gjennom.
I 2005 kom boka Trådar mellom himmel og jord: ein studie av messehaklar i Valdres som ho skreiv i lag med Solveig Rydland, og ho var medforfattar av boka Hegge stavkyrkje 800 år, som kom i 2016.
Solveig har og vore bidragsyter i Før i ti'n, ei lokalhistorisk fotobok frå Øystre Slidre. Ho har vore aktiv i Øystre Slidre historielag i mange år, leiar i Heggebø bondekvinnelag i 10 år og soknerådsleiar i Hegge sokneråd ein periode. Dessuten har mange norskamerikanarar på leiting etter røtene sine i kommunen, fått hjelp av Solveig.
Bibliografi
- Trådar mellom himmel og jord : ein studie av messehaklar i Valdres. (Medforfattar). 2005.
- Hegge stavkyrkje 800 år. Medforfattar. (Medforfattar). Hegge sokneråd, 2016
Prisar
- Øystre Slidre kommunes kulturpris 2017.