Sperle skule (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Sperla krins (Jostedalen)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Det gamle skulehuset i Sperla står rett attmed hovudvegen gjennom Jostedalen.
Foto: Oddmund Hoel (2012)

Sperle skule er ein nedlagd folkeskule og skulekrins i Jostedalen i Luster kommune. Krinsen vart skipa då dei to skulekrinsane i Jostedalen vart delte i fem midt på 1800-talet. Krinsen vart på 1800-talet kalla Kirkerodens kreds eller Kirkekredsen. Han femnde om heimane mellom Fossøygjelet og Gardsgjelet, det vil seie frå og med Fossøyane (under på matrikkelgardane Fossen i sør, og nordover med alle heimar under Sperla, Åsen og Nedrelid. Krinsen grensa i sør mot Myklemyr krins og i nord mot Kreken krins.

Krinsen vart utvida nordover etter 1915 då den nye vegen gjennom Gardsgjelet stod ferdig. Då vart Bruheim, Nes og hovudbruket på Jostedal prestegard lagd til Sperle krins. Då Myklemyr skule vart lagt ned i 1964, vart elevane overflytte til Sperle skule.

Krinsen var den fyrste i Jostedalen som fekk fastskule etter at skulelova 1860 innførte krav om skulehus i alle krinsar med meir enn 30 elevar. Skulehuset vart plassert i Sperla, med lik avstand til båe yttergrensene for krinsen. Skulehuset opna hausten 1876 og vart innvigd av sokneprest Anton Hansen 26. januar 1877. Det vart bygt av berre nye materialar og dekt av folket i krinsen, kommunen, amtet og ved lån i Jostedal bygdemagasin.

Skulehuset var i bruk fram til 1968 då skulen vart nedlagd og elevane overflytte til den nye sentralskulen Jostedal skuleBjørk. Det gamle skulehuset er no i privat eige og står framleis tett attmed fylkesvegen i Sperla.

Arkiv

Litteratur

  • Øvregard, Kåre: Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune 1996, s. 315-318.

Koordinater: 61.562161° N 7.295919° Ø