Språkskiftet til nynorsk i Heidal
Hopp til navigering
Hopp til søk
Språkskiftet til nynorsk i Heidal skjedde nokså mykje med eitt slag i 1933. Da gjorde skulestyret i Heidal kommune vedtak om skifte av skulemålet i alle tre krinsane i bygda, Nedre Heidal, Midtre Heidal og Skogbygda. I meldinga om dette i målavisa Den 17de Mai, heiter det: «Det er arbeidarpartiet med ordførar og lærar Ivar Dahle i brodden som har æra av denne målsigeren.» [1] Kommunestyreprotokollen vart ført på nynorsk, noko som nok også hadde samanheng med at Dahle sat som ordførar der frå 1913 til 1938, med unntak av perioden 1925-1928.
Referansar
- ↑ Sitert i Hovdan-protokollen.
Kjelder og litteratur
- Hovdan-protokollen: Norsk målreising. Målskiftet i heradi. 1865-1940-195.. Handskriven protokoll av Peder Hovdan, nå i Arkiv for norsk målreising, Ivar Aasen-tunet i Ørsta.
- Teigum, Ivar: Bygdebok for Vågå og Sel. Band 4: Sel og Heidal på 1900-talet. Sel kommune og Vågå kommune 2009.
|
Språkskiftet til nynorsk i Heidal er del av prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013 som er komme i stand i samband med Språkåret 2013. Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien. |