St. Magnuskatedralen
St. Magnuskatedralen er ein av berre tre norske mellomalderkatedralar, saman med Stavanger domkyrkje og Nidarosdomen, som fortsatt står. Han står i Kirkwall på Orknøyane, og er via til Magnus Orknøyjarl som vart drepen i 1115. Opphavleg var han ein katolsk katedral, men i dag tilhøyrar han formelt byen Kirkwall, og nyttast av den skotske kyrkja som soknekyrkje - altså strengt tatt ikkje lenger ein katedral, men namnet heng ved. Orknøyane var norsk skattland fram til 1460-åra, og bispedømet låg under Nidaros erkebispedøme fram til det vart overførd til skotske St. Andrews i 1472.
Byggearbeidet vart starta i 1137 av Ragnvald Orknøyjarl, som var systersonen til Magnus og som sjølv reknast som heilag. På same tid flytte biskop Vilhelm den gamle til Kirkwall, eller Kirkjubø som staden heitte den gongen. Over dei neste tre hundre åra vart kyrkja fleire gonger utvida, og hans stod heilt ferdig først i 1450.
i 1263 døydde Håkon IV Håkonsson på Orknøyane, og vart gravlagt i St. Magnuskatedralen. Han låg der over vinteren, inntil veret var bra nok til å få han heim til Noreg våren 1264.
I 1919 fann ein to skjelett i koret, som truleg er relikviane etter St. Magnus og St. Ragnvald.
Grimstad kommune og Hordaland fylkeskommune gjer kvart år kvar sin julegran til kyrkja. Treet frå Grimstad står inne i kyrkja, medan det frå Hordaland står utafor. Tilknyttinga til Grimstad ligg i at noen lokalhistorikere påsto Ragnvald vart fødd på Bringsvær i Grimstad.
Galleri
- Statue av St. Olav inne i Magnuskatedralen, en gave fra Den norske kirke i 1937.Foto: Stig Rune Pedersen