Steffen Karlson Måen (1805–1869)
(Omdirigert fra «Steffen Karlson Måen (Steffen Kornberg)»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Steffen Karlson frå Måen, Austefjorden (fødd 11. august 1805, død 22. september 1869), gift med Johanne Oline Olsdotter frå Jostranda. Steffen var båtbyggjar, i 1837 kjøpte han Steffagarden på Kornberg av staten.
Båtbyggjaren
Steffen var dreng i Larsgarden på Nøre Bjørkedal og lærte truleg båtbyggjarkunsten der. Truleg var han også ei tid hos ein båtbyggjar i Nordfjord og vart påverka av byggeskikken der. Omkring 1830 fekk Steffen oppdrag å bygge ein åttring for ein tingmann frå Toten, gjennom Rasmus Aarflot som satt på Stortinget for Romsdals Amt. Båten skulle brukast til å frakte krøtter på Mjøsa.
Kjelder
- Busetnadssoga for Volda bd 1, Dalsfjorden
- Hjellnes, Tove Aurdal: Bjørkedal kystlag og Bjørkedal båtsamlingar. Voldaminne 2012 s. 121-140
- Steffen Karlson Måen i Historisk befolkningsregister.