Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1817
Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1817 var prega av dramatikk i fleire rundar. Amtmann Christian Magnus Falsen greip inn mot forsøka på bondemobilisering under valet. Falsen sjølv vart vald, men valet av han forkasta då Stortinget opna. Valtinget vart halde i Sauesund i Askvoll 22. september 1817.
Valde representantar
Desse vart valde:
Verv | Namn/tittel | Merknad |
---|---|---|
1. repr. | Oberstløytnant Ole Elias Holck | Hadde møtte på riksforsamlinga som militær representant |
2. repr. | Gardbrukar L. J. Thingnæsset | |
3. repr. | Amtmann Christian Magnus Falsen | Hadde møtt på riksforsamlinga, og var 1. repr. for Nordre Bergenhus 1815 |
1. suppleant | Gardbrukar Ole T. Svanøe | |
2. suppleant | Gardbrukar A. O. Wereide | |
3. suppleant | Gardbrukar J. Flikki |
Falsen var busett i Bergen, men valet av han i 1815 hadde vorte godkjent av Stortinget. Ved godkjenninga av fullmaktene i Stortinget 4.2.1818 vart derimot Falsen forkasta med 37 mot 32 røyster og 1. suppleant (Ole Svanøe) innkalla. Konstituert amtmann, futen Kjørboe, kalla inn gardbrukar Lars Christensen Ous som hadde vorte nummer fire på representantvalet. Ous møtte på Stortinget 9. mars, men var ikkje oppført som 1. suppleant i fullmakta og vart difor avvist. Suppleantane var valde ved særskilt val, og der hadde Ole Svanøe fått flest røyster, han vart difor innkalla. Svanøe vart likevel sjuk 25. mars, så Wereide vart innkalla og møtte frå 13. april og utsesjonen.
Valmenn
Fylgjande valmenn møtte (rekkefølgje og skrivemåten av namn og tittel etter valprotokollen):
Nr | Namn i protokollen | Yrke/tittel | Prestegjeld | Merknad |
---|---|---|---|---|
1 | Proprietaire Rumohr syg; i hans Sted, Capitaine Wiegh | kaptein | Lærdal | |
2 | Tøger Hansen | gardbrukar | Lærdal | |
3 | Lars Olsen Faaberg | gardbrukar | Jostedal | |
4 | Jørgen Torkildsen Flicke | gardbrukar | Luster | |
5 | Tøger Halvorsen Næss | gardbrukar | Luster | |
6 | Leutenant Falck | løytnant | Sogndal | |
7 | Irgens | sorenskrivar | Sogndal | |
8 | Mons Larsen Eggum | gardbrukar | Sogndal | |
9 | Ole Rasmussen Feedt | gardbrukar | Hafslo | |
10 | Hermund Bottolphsen Lunde i Ole Nielsen Oklevigs Forfald | gardbrukar | Hafslo | |
11 | Kirkesanger Olsen | kyrkjesongar | Aurland | |
12 | Ole Rognaldsen Ohnstad | gardbrukar | Aurland | |
13 | Postexped. Lem | postekspeditør | Leikanger | |
14 | Lehnsmand Opdahl | lensmann | Leikanger | |
15 | Kapellan Daae | kapellan | Leikanger | |
16 | Lehnsmand Skadem[?] | lensmann | Vik | |
17 | Klokker Liliedahl | klokkar | Vik | |
18 | Major Holck meldt Forfald | major | Lavik | |
19 | Ole Andersen Torvind | gardbrukar | Lavik | |
20 | Sorenskr. Voss | sorenskrivar | Eivindvik | |
21 | Claus Monsen Opgulen[?] | gardbrukar | Eivindvik | |
22 | Mons Andersen Losnen | gardbrukar | Eivindvik | |
23 | Ole Johannesen Stokkevog | gardbrukar | Eivindvik | |
24 | Pastor Heiberg | sokneprest | Askvoll | |
25 | Giæstgiver Haland | gjestgjevar | Askvoll | |
26 | Geert Jonassen Leervog (overstroken) | gardbrukar | Askvoll | |
27 | Sorensk. Landmark | sorenskrivar | Ytre Holmedal | |
28 | Serg. Mons Andersen Biergene | sersjant | Ytre Holmedal | |
29 | Niels Ellings. Flekke | gardbrukar | Ytre Holmedal | |
30 | Søren Hansen Sæhle | gardbrukar | Indre Holmedal | |
31 | Ole Olsen Thormoset | gardbrukar | Indre Holmedal | |
32 | Anders Halvosen Døscheland | gardbrukar | Indre Holmedal | |
33 | Ole Torgersen Svanøe | gardbrukar | Kinn | |
34 [a] | Lehnsmand Tyvold | lensmann | Kinn | |
34 [b] | Peder Abrahams. Steenhovden | gardbrukar | Kinn | |
34 [c] | Peder Helmers Florøen | gardbrukar | Kinn | |
35 | Lehnsmand Bruland | lensmann | Førde | |
36 | Lars Jacobsen Wefring | gardbrukar | Førde | |
37 | Ole Siursen Saaland[?] | gardbrukar | Førde | |
38 | Christian Andersen Høgset | gardbrukar | Førde | |
39 | Niels Danielsen Kiøsnæs | gardbrukar | Jølster | |
40 | Hans Erichsen Helgiem | gardbrukar | Jølster | |
41 | Niels Tollefsen Løset | gardbrukar | Jølster | |
42 | Lehnsm. Ole Mortensen Lem[?] | lensmann | Davik | |
43 | Jørgen Rasmussen Humborstad | gardbrukar | Davik | |
44 | Eilef Absalonsen Sørheller | gardbrukar | Davik | |
45 | Lars Chistiansen Ous | gardbrukar | Eid | |
46 | Dannebrogsm. Erik Olsen Nord | gardbrukar | Eid | |
47 | Sognepr. Blickfeldt | sokneprest | Eid | |
48 | Rasmus Rasmussen Lervog | gardbrukar | Eid | |
49 | Ole Jørgensen Holme | gardbrukar | Gloppen | |
50 | Absalon Olsen Wereide | gardbrukar | Gloppen | |
51 | Torbiørn Andersen Leite | gardbrukar | Gloppen | |
52 | Hans Rasmussen Rosæter | gardbrukar | Gloppen | |
52b | Steffen Thorstens. Biørkelo | gardbrukar | Gloppen | |
53 | Ole Snersen Skodden | gardbrukar | Innvik | |
54 | Lars Rasmussen Mindre-Sunde | gardbrukar | Innvik | |
55 | Ole Andersen Bergsæter | gardbrukar | Innvik | |
56 | Thor Jackoniasen[?] Yrie[?] | gardbrukar | Innvik | |
57 | David Rasmussen Yrie | gardbrukar | Innvik | |
58 | Peder Ingebrigtsen Schorge | gardbrukar | Selje | |
59 | Berge Rasmusøn Stave | gardbrukar | Selje | |
60 | Abraham Joensen Schram | gardbrukar | Selje |
Valet
Då valet skulle byrje, hadde Torgeir Næss sett seg sjølv og to andre bønder på røystesetelen. Han sikta mot eit sterkt bondeval og attval for seg sjølv. Amtmann Falsen oppdaga dette og kravde munnleg røystegjeving. I denne situasjonen greidde ikkje bøndene å opptre samla, og Torgeir Næss vart ikkje attvald, det vart derimot Falsen. Røystetala for representantane var Holck (55 røyster), Thingnæsset (43) og Falsen (27). Deretter fekk Ous 20 røyster. Det var såleis eit stort sprik mellom Holck, som ikkje var på valmøtet, og Falsen. Suppleantane vart valde med særskilt val. Dei som vart valde, fekk 32, 26 og 16 røyster.
Kjelder
- Stortingsval i Sogn og Fjordane (liste)
- Statsarkivet i Bergen, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Valprotokoll 1815-1925.
- Lindstøl, Tallak. (1915). Stortinget og statsraadet 1814-1914. Bd. 2, del 1. De enkelte storting og statsraader. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri, s. 52 (Digital utgåve, NBdigital).
- Jens Johan Hyvik, Oddmund L. Hoel og Harald Krøvel (red.) (2014). Med påhalden penn? 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark. Oslo: Novus forlag. (4 artiklar om Sogn og Fjordane)