Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1903
Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1903 gjekk til dei samarbeidande partia Høgre og Moderate Venstre etter at Venstre hadde vunne valet i 1900. Dermed vart det i 1903 som i 1900 full utskifting av stortingsbenken til amtet.
Valde representantar
Verv | Namn/tittel | Kommune | Parti |
---|---|---|---|
1. representant | Gaardbr. Knut A. Taraldset | Innvik | Høgre |
2. representant | Gaardbr. Gjert Holsen | Førde | Høgre |
3. representant | Lensmand Ivar Lykke Falch Lind | Florø | Høgre |
4. representant | Landhandler Otto Kristian Schreuder | Gulen | Høgre |
5. representant | Gaardbr. Frederik Balthazar Fraas | Hafslo | Høgre |
1. suppleant | Kirkesanger A. L. Refsdal | Vik | Moderate Venstre |
2. suppleant | Gaardbr. Rasmus P. Hjertenæs | Selje | Høgre |
3. suppleant | Gaardbr. Ola O. Døskeland | Gaular | Moderate Venstre |
4. suppleant | Gaardbr. Skak Lystrup Ormelseng | Sogndal | Høgre |
5. suppleant | Gaardbr. Knut Wolff | Hyllestad | Høgre |
Taraldset, Holsen, Fraas og Refsdal hadde site på Stortinget 1897-1900.
Valet
Valet vart halde i Førde 9. september 1903 med 204 valmenn tilstades. 126 tilhøyrde Høgre og Moderate Venstre medan 78 tilhøyrde Venstre (ein av Venstres valmenn møtte ikkje).
Fyrste representant vart vald med 126 røyster, dei andre fire og dei tre fyrste suppleantane med 125 røyster. Dei fem kandidatane til Venstre var identiske med stortingsbenken i førre periode: D. O. Bakke (77 røyster), S. K. Aarnes (76), Sjur Næss (76), R. Sindre (71) og Lasse Trædal (70).
Frammøte på Stortinget
Representantane møtte på dei ordinære Stortinga i 1903-04, 1904-05 og 1905-06. Dette var såleis Stortinget som vedtok unionsoppløysinga.
Holsen var permittert på grunn av sjukdom 12.5.-14.7.1905 og Taraldset frå 21.8.1905 og ut stortingsperioden. Difor møtte Refsdal frå 15.5.1905 og ut perioden.
Kjelder
- Stortingsval i Sogn og Fjordane (liste)
- Lindstøl, Tallak. (1915). Stortinget og statsraadet 1814-1914. Bd. 2, del 2. De enkelte storting og statsraader. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri, s. 585. (Digital utgåve, NBdigital).
- Øvre-Eide, Rasmus. (1973). Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1970. Sandane: Nordfjord sogelag, s. 80-83.