Moderate Venstre

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Oftedal vart etter kvart partiets «sterke mann».

Moderate Venstre (MV) var eit politisk parti som vart danna av utbrytarar frå Venstre før stortingsvalet 1888, då dei fekk 23 stortingsrepresentantar. Leiarane var Jacob Sverdrup og Baard Madsen Haugland. Partiet hadde særleg støtte på Vestlandet.

Valresultat

  • Stortingsvalet 1888:
    • Høgre fekk 38,1 % av stemmane, ein framgong på 1,6 % fra forrige val. Det gav 52 mandatar, en auke på 22.
    • Moderate Venstre fekk 19,1 % av stemmane og dette gav 24 mandatar.
    • Venstre fekk 42,0 % av stemmane, ein tilbakegong på 21,4 % fra forrige val. Det gav 38 mandatar, ein nedgong på 46.
  • Stortingsvalet 1891:
    • Høgre fekk 36,7 % av stemmane, ein nedgong på 1,4 % fra forrige val. Det gav 36 mandatar, ein nedgong på 16.
    • Moderate Venstre fekk 13,1 % av stemmane, ein nedgang på 6,8 % fra forrige val. Det gav 15 mandatar, ein nedgong på 9.
    • Venstre fekk 50,2 % av stemmane, ein auke på 8,2 % fra forrige val. Det gav 63 mandatar, ein auke på 25.
  • Stortingsvalet 1894
    • Listesamarbeid og uavhengige kandidatar gjer at Moderate Venstres andel av stemmane er uklar. Dei fekk 14 mandatar, ein nedgong på ein frå forrige val.
  • Stortingsvalet 1897
    • Listesamarbeid og uavhengige kandidatar gjer at Moderate Venstres andel av stemmane er uklar. Dei fekk 10 mandatar, ein nedgong på fem frå forrige val.
  • Stortingsvalet 1900
    • Listesamarbeid og uavhengige kandidatar gjer at Moderate Venstres andel av stemmane er uklar. Dei fekk seks mandatar, ein nedgong på fire frå forrige val.

Regjeringsdeltaking

Frå 1895 til 1898 var MV del av Francis Hagerup si første regjering, saman med Høgre og Venstre. Dei var også med i Christian Michelsen si regjering (1905–1907) saman med Venstre, Høgre og Samlingspartiet og Jørgen Løvland si regjering (1907–1908) saman med Venstre og uavhengige representantar.

Opphør

Da partiets «sterke mann» Lars Oftedal i 1891 gjekk inn for samarbeid med Høgre, gjekk deler av partiet tilbake til Venstre, og partiet blei i sterkare grad eit grunneierparti. Partiet skilde seg frå Høgre som tilhengar av auka norsk sjølstyre og etter kvart sjølstende. Da Høgre snudde i unionssaka og Samlingspartiet blei grunnlagt, blei Moderate Venstre ein del av dette og gjekk i 1906 inn i Høgre.

Litteratur