Stranda og Sykkylven Billag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

A/S Stranda og Sykkylven Billag var eit transportselskap i Sykkylven og Stranda. Selskapet dreiv både med person- og godstransport.

Vegen mellom Stranda og Sykkylven vart teken i bruk på forsommaren 1938. Eit at dei spørsmåla som melde seg før dette, var korleis rutesambandet til og frå Ålesund best kunne ordnast.

Mesteparten av sambandet mellom Stranda-Sykkylven og Ålesund hadde til denne tid gått med fjordabåten og mjølkebåten, men på Magerholm-sida var det kome i gang ei bilrute. Dessutan hadde dr. Bastian Weiberg-Aurdal kjøpt ei lita bilferje som gjekk mellom Magerholm og Aursnes-Aure. Nokre stader i bygdene hadde privatpersonar sett i gang bilruter, men dei fleste var samde i at det var trong for eit samlande bilselskap, og i 1938 vart det nye laget skipa med ein aksjekapital på 20.000 kroner. Det vart og kjøpt inn m.a. 2 nye Reo-bussar og drifta gjekk nokså godt fram til hausten 1939. Då braut krigen ut, og det vart bensinrasjonering og innskrenking av drifta. Drivstoffet var oreved (gass), og særleg høg fart kom bussane ikkje opp i. Ein tur Aure-Stranda tok såleis om lag 2 timar.

Under krigen vart materiellet svært nedslite, og det gjekk heile tre år etter krigen før dei to første nye vognene kunne kjøpast inn. Men etter dette lysna det litt om senn, og laget skaffa seg etter kvart ein bilpark med svært høg standard. Laget hadde i 1983 mellom 60 og 70 einingar. Av desse var om lag 1/3 bussar og 1/3 gods- og trekkvogner.

Hovudanlegget til SSB låg i Sykkylven (ekspedisjon, verkstad, delelaget, kontor). På Stranda og Hellesylt var det ekspedisjon, servicestasjon og garasje. For dei tilsette i firmaet vart eit bustadhus med 4 husvære i Vikedalen teke i bruk sommaren 1980. Sykkylven Godsterminal vart skipa etter samarbeid mellom M.R.F., Sykkylven kommune og Billaget. Godsterminalen leigde kaia av kommunen, og bygde ny terminal på området.

I tillegg til dei lokale personrutene fekk SSB faste godsliner til Åndalsnes, Trondheim og Oslo. Desse rutene vert drivne i samarbeid med Linjegods og Sunnmøre Godslinjer.

Sidan starten hadde SSB eigne diesel/bensinpumper, også for sal. I 1980 vart det opna reisebyrå under firmanamnet SSB-Reiser.

Kring år 2000 gjekk SSB inn i det regionale transportselskapet Fjord1.


Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.