Strandgravfeltet på Løsetstranda

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Strandgravfeltet i 2010
Foto: Arnfinn Kjelland

Strandgravfeltet på LøsetstrandaGurskøya i Herøy kommune er eit av dei aller største slike strandgravfelt med 63 gravrøyser. Røysene her er bygde opp av rullestein frå stranda, og er tidfest frå eldre bronsealder truleg til yngre jernalder.

Dei første spora etter gardsdrift i området er òg frå eldre bronsealder. Garden Løset låg nok her frå jernalder og fram til tunet vart teke av ei snøfonn sist på 1700-talet og så oppattbygd nokre hundre meter lenger aust.

Gjenstandsfunn frå røysene på Løsetstranda er ikkje kjent, men det er ei segn om at to karar fann ei gullskål i ei av røysene her. På veg til Bergen for å selje ho vart dei usamde om korleis det dei fekk skulle delast, og det holdt på å gå gale. Da heiv den eine skåla på sjøen.

Kjelde

  • Informasjonsplakat ved feltet, lest 29.8.2010