Straume (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Straume er det til høgre i rekka med tre hus. Foto 2021

Straume (Fyresdal gnr. 37/14) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal med adresse Skippergata 9

Frå ikring 1890 finn me Bjørguv Larsson Lie/Sitje og kona, Signe Vrålsdtr. Bakken på Straume.

Bjørguv var postkøyrar frå 1890 og åtte truleg Straume. Hus hadde han kjøpt seg frå heia ved Væting. Tre gonger i veka køyrde han til Bandaksli med post. Etter skylddeling 1923 frå Folkestad fekk Straume ei skyld på 1. øre.

På eit foto av Olstad ser vi at på sørsida av Skippergata er rekka med bygningar i ferd med å kome på plass.

Biletgalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag, s. 11, 14.
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. S. 5-34.