Strilekrigen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Strilekrigen er fellesnamnet på fleire oppløp i Bergen våren 1765. Bønder frå Nordhordland og Midthordland, kjend som striler, protesterte mot ekstraskatten av 1762. Skattekravet hadde råka bønder og fiskarar i området hardt, og futen i området var hard under innkrevjinga.

Ekstraskatten

Ekstraskatten av 1762 vart innkrevd for å betale for den store militærstyrka som vart ståande i Danmark under den europeiske sjuårskrigen. Statsgjelda hadde økt på grunn av militærkostnadene, og ein måtte ta inn ein ekstraskatt. I Danmark gjekk dette greitt, men i Noreg var det fleire stader store protester. Det kom fleire endringar som skulle bøte på problema med innkrevjing i Noreg, men dette førte også med seg ein del forvirring, og dermed meir frustrasjon. Særleg i Nordhordland var det sterke reaksjonar, som følgje av ein kombinasjon av at regionen var fattig og at futen følgde ei streng linje.

Oppløpa

Den 1. mars 1765 kom ein stor delegasjon bønder til Bergen for å levere ei klage til kongen. Stiftsamtmann Ulrik von Cicignon tok imot klagebrevet, men det kom til samanstøytar mellom bønder og soldatar. Etter kort tid roa gemytta seg, og bøndene vendte heim med løfte om at eit svar skulle kome etter seks veker.

Den 18. april, sju uker etter at klaga var levert, hadde bøndene ikkje fått svar. Dei drog til Bergen ein gong til, og denne gongen vart det kraftigare samanstøyt. Stiftsamtmannen og futen Oluf Bildsøe vart truga med lynsjing, og torde ikkje gjere anna enn å betale attende ekstraskatten neste dag.

Etterspel

Kong Frederik V satte ned ein granskingskommisjon som skulle finne ut kven som hadde ansvaret. Dei fann aldri ut av korleis opprøret hadde vorte organisert, men fire mann vart peika ut som leiarar av bondehopen. Dei fekk dødsdom, som seinare vart omgjort til festningsarbeid på livstid. Også dei lokale styresmaktene fekk kritikk. Det kom endringar i både skattetrykket og metodane for innkrevjing, og det vart plassert fleire soldatar i Bergen. Både stiftsamtmann von Cicignon og fut Bildsøe falt i unåde. Amtmannen vart flytta, og futen slutta kort tid etter.

Som følgje av strilekrigen og andre oppløp vart ekstraskatte av 1762 avvikla allereie i 1772 i Noreg, mens den i Danmark vart ståande til 1812.

Kjelder