Sulen (Fedje gnr 169 bnr 51)
Sulen | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 169 |
Bnr: | 51 |
Adresse: | Mulevegen 90 |
Sulen er ein tidlegare husmannsplass, seinare småbruk, i Fedje kommune. Huset vert no brukt som fritidsbustad.
1. Johanna Sivertsd f. 1852 Krossøyna, Austrheim d. 1923 (sjå Stuberg husmenn 4c og Austrheimb. III s 623) g. 1888 m. Andreas Johan Henriksen f. 1865 på Austrheim d. 1945 (son av Brita Ivarsd f. 1839 d. 1907 og Henrik Johannessen Brandanger f. 1823 d. 1912, jf Gulenb. II s 482 og Austrheimb. III s 125). Dei var husfolk med jord og hadde husdyr, Johan var fiskar. Huset vart bygd i byrjinga av 1890-talet.
Born: a. Henrik Bertin Johansen f. 1890 d. 1955, neste brukar (2). b. Andreas Severin Johansen f. 1892 d. 1968, seinare eigar (3).
Enkjemannen Johan Henriksen g.2.g. 1927 m. enkja Johanna Larsd på Skarvøyna, budde der, sjå gnr 168 bnr 39-1 under Kopper.
2. Henrik Johansen Sulen f. 1890 på denne plassen (1a) d. 1955 g. 1909 m. Mathilde Helena Martinusd Smith f. 1885 Hernar, Øygarden d. 1952 (dotter av Martinus Olai Hellemannsen Smith f. 1843 d. 1920 og Herborg Kristine Olsd f. 1852 d. 1891). Skøyte på tomta utskild 1947 frå Kremmarholmen gnr 169 bnr 1. Henrik var fiskar.
Born: a. Johannes Martin Henriksen Smith f. 1910 d. 1997, fiskar, arb. notbøteri, g. 1932 m. Ella Oline Nilsd Birkeland f. 1902 Austevoll d. 1986, busette der (sjå Austevollb. II s 459). b. Gustav Severin Henriksen f. 1913 d. 1914. c. Gustav Severin Henriksen f. 1915 d. 1916. d. Hans Martin Henriksen f. 1917 d. 1919. e. Hilborg Johanna Henriksd f. 1920 d. 1990 g. 1944 m. Nils Emil Ingemårsen f. 1908 Sulo (gnr 169 bnr 34-3b) d. 1983, budde der (4). f. Marie Hermine Henriksd f. 1922 d. 1923. g. Hjørdis Marie Henriksd f. 1923 d. 1927. h. Trygve Harald Henriksen f. 1925 d. 2018 g. 1945 m. enkja Alvilda Sulen f. 1913 Radøy d. 1990, busette i Sulo (gnr 169 bnr 32-2).
3. Andreas Johannessen f. 1892 på denne plassen (1b) d. 1968, fiskar, g. 1924 Kinn m. Klara Marie Korneliussen Rognaldsvåg f. 1897 Kinn, Flora i Sunnfjord d. 1977. Ho var søster til Anna Kongestøl (gnr 169 bnr 41-1), sjå der. Andreas og Klara budde først i Rognaldsvågen, og kom hit i 1956, då dei fekk skøyte her.
Barn: a. Sigrid Johanne Johannessen f. 1925 d. 2000 g. 1949 m. Arne Morits Frøyseth f. 1926 Bergen d. 2002, busette der, fekk skøyte i 1983.
4. Aage Aasebø f. 1945 d. 2007 g. 1973 m. Rita Myrvold f. 1952, begge frå Askøy og busette der, kjøpte huset i 1983. Det vert nytta som feriebustad. Ho fekk tinglyst skøyte i 2008. Skøyte 1988 på nausttomt bnr 90, sjå Sulo gnr 169 bnr 13-3.
Born: a. Ståle Myrvold Aasebø f. 1975, bustad Askøy. b. Astrid Elisabeth Myrvold Aasebø f. 1979, bustad Ollioules, Frankrike.
Sulen (Fedje gnr 169 bnr 51) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Lyngbakken (Fedje gnr 169 bnr 50) • Neste bolk: Lyngbø (Fedje gnr 169 bnr 52) |