Sund og Austevoll Sparebank
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sund og Austevoll Sparebank vart oppretta i 1896. Sjølv om Sund og Austevoll blei eigne kommunar i 1886, hadde dei likevel felles prestegjeld til 1918, felles kommunelege til 1950-åra, dei utgjorde eitt lensmannsdistrikt til 1964 og hadde sparebanken saman til dei to avdelingane gjekk inn i Sparebanken Vest i 1995.
Banken sitt hovudkontor låg på Klokkarvik i dåverande Sund kommune (frå 2020 Øygarden kommune). I Austevoll kommune hadde banken hovudkontoret sitt på Huftarøy og avdelingskontor på øyane Selbjørn og Hundvåkøy. Dei ytste øyane og grender med lang veg til banklokala i kommunen hadde bankbussrute. Etter kvart som brusambandet vart bygd ut i kommunen, blei banktenestene utanom hovudkontoret på Huftarøy nedlagde.
Kjelder og litteratur
- Sund og Austevoll Sparebank. Årsmelding og rekneskap 1978. Klokkarvik 1979.
|