Sunndalssetra

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skareselet
Foto: Arnfinn Kjelland

Sunndalssetra er ei setergrend for gardane i Sunndalen i Austefjorden.

Det er nemnt setrar for gardane i Sunndalen i matrikkelforarbeida frå 1723 og 1865.

Setergrenda har vore utsett for skadefonn mange gonger. Det skal finnast murar etter seterhus på fleire vollar i dalen. I 1981 gjekk fonna siste gongen, og då øydela ho tre av dei fire sela som stod. Berre selet til Skare (gnr 68 brnr 1, bilde) står att.

Bilde frå Sunndalssetra

Litteratur

  • Hustadnes, Valborg 2005: Sæterliv i Voldafjell. Sætrar langs Austefjorden frå Fylsvik til Volda, s. 71
  • Årviknes, Per 1973: Voldasoga III s. 39


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Sunndalssetra er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.

Koordinater: 62.0320528° N 6.3171111° Ø